forkjøla
Eg er super forkjøla blitt og det passa svært dårlig midt i prosjektet mitt. så no tar eg eit velfortjent pust i bakken etter ein lang dag/natt igår. Eg og Anne-Guro var super effektive. Mildt sagt. Vi kom heim ifra ein lang dag på jobb i halv 5 tida, så begynte vi å male med ein gang, ikkje snakk om pause her i gården nei! Så reiste eg og henta Systa når ho var ferdig på jobb, så laga ho middag til oss, medan vi dreiv og mala. Så spiste vi, og gjekk rett opp og forsatte å male, så null pause IGJEN! Når vi var ferdig gjekk vi ned og såg "The Proposal" (som forresten var veldig bra). Så begynte vi prosjekt UMULIG; rydde ut ifrå rommet mitt. Eg har mangen ting for å sei det sånn. Veldig mangen ting for å vere heilt ærlig. Men alt vart kasta ut, og sakte men sikkert tatt inn på den nye rommet. Lille rommet. Eg får litt vondt inni meg, men det går fint.
SJÅ! Dei var fine. Eg hadde vaska dei, men dei var blitt skitne igjen. Og dei var fulle av sølvmaling etter russetida. Herrejesus, lekre skoa. Eg greide faktisk ikkje å kaste dei sjølv, og Anne-Guro måtte gjere det for meg. Så når ho kasta dei i søppelsekken, så nøys ho. Konklusjonen er at ho er alergisk mot å kaste sko, og det trur eg at eg er sjølv og, ikkje det at eg har prøvd det. Haha.
Det verste eg gjorde var å kaste dei hærlige kvite conversa mine. Dei var hullete og såg mildt sagt jævlige ut. Men dei er fantastiske. Converse er faktisk fantastisk.

Men tilbake til forkjølelsen. Nasa er heilt tett. Om eg ikkje kunne ha pusta gjennom munnen så hadde eg dødd av kveling. Heilt seriøst. Så er ein smule irritert. For å sei det mildt. Og eg er svolten. MAMMA! GI MEG MAT!
Men nu skal eg forsette her. Har ca 100 bilder å henge opp på veggane. Men det går bra, kjem uansett kor hardt eg prøva, ALDRI til å bli ferdig idag. Haha.