back in norway
HEI! Då var eg tilbake etter eit kort opphold. Ja, kan kalle det for det. Livet har vert hektisk sida vi reiste til Bondi Beach. Natt til mandag fekk eg ein telefon om at min far var innlagt på sjukehus og at det var alvorlig og at legane sa at no måtte eg komme heim. Men vi kom aldri så langt. Min far ville at eg skulle bli, så eg gjer som han vil. Og det var egentlig veldig bra, for dei siste dagane i Byron Bay var FANTASTISKE! Møtte dei beste jentene, som eg savna så sinnsvakt. Merkelig kor glad du kan bli i folk på nokre få dager.
Men tilbake til historien om kvifor eg er heime igjen. Ja, lørdagsmorgen fekk eg enda ein telefonsamtale fra mi kjære mor. Og ho fortalte diverse ting som var nytt og ikkje så veldig godt nytt. Så eg reiste heim. Så no er eg her, tilbake i iskalde Norge. Bare 3 grader idag, så eg har spurt Besta om eg kan få eit nytt par med tjukkesokker. Hahaha. MEN eg forklare meir seinare. Må visst skifte dekk på bilen idag. Ikkje at eg skal gjere det, men eg skal sitte å vente menst faren til mi kjære Marte gjer det. Hihi. Får vell prøve å ta meg ei dongribukse igjen. 1,5mnd sida sist. Kan ikkje sei at eg gleda meg. Huff.

Gjett om eg har savna Mac'en då?
Merete Tonning
16.apr.2010 kl.12:15